Erik Strand, 12.10.2025
I denne kommentaren kan vi lese at drøye 63 millioner dollar forsvant på tidligere AP-statsråd Grete Faremos vant i FN. Saken reiser spørsmål om hva Faremo har visst og gjort, eller burde visst og gjort, i denne saken.
Jeg vil her fokusere på noe man har mulighet til å lese om Grete Faremos gjøren og laden i norsk politikk. Marie Lovise Widnes representerte SV i Møre og Romsdal på Stortinget i perioden 1989-1993. Hun har skrevet boken “Fragler, finst dei?”, som kan leses i sin helhet på internett.
Boken handler om diverse lyssky maktutøvelse i norsk politikk og samfunn. Blant annet tar hun for seg det avdekkingsarbeidet fiskeren Kåre Torvholm fra Herøy stod for, og noen av de problemene han fikk som en følge av dette arbeidet. I boken blir vi kjent med daværende justisminister Grete Faremo gjennom måten hun opptrådte på da Widnes stillet henne et spørsmål i Stortingets spørretime. Her passer det med et lengre sitat fra Widnes’ bok, og jeg gjengir (fra side 51 i nettutgaven av boken):
“Lensmannen nekta altså å ta mot meldinga, og skulda på at han ikkje kunne ta mot melding
på grunnlag av eit avisutklipp. Dette visste vel lensmannen ikkje heldt vatn, sidan Torvholm
hadde dokumentasjon i kofferten. Lensmannen skulle vel og kjenne Torvholm så godt at han
visste kva mengde dokument Torvholm i si tid hadde samla på. Torvholm hadde også etter
møte med lensmannen vore innom banken, og hadde vist fram dokumenta til folka der, så
han hadde vitne på at han hadde meir enn avisutklippet. I brev til Fiskeridepartementet
peikar også Torvholm på at desse sakene ikkje høyrer heime under ein sivil domstol.
Men på grunn av alt dette, stilte eg i spørjetimen 24. februar 1993 eit prinsipielt spørsmål til
justisminister Grete Faremo som lydde slik: ”Gjennom pressa har det kome påstandar om at politiet er svært passive i saker som gjeld fiskeriforvaltninga. Lensmannen i ei stor
fiskerikommune har nyleg skriftleg vegra seg for å ta mot anmelding eller drive etterforsking.
Finst det reglar som unntek fiskeriforvaltninga frå politietterforsking, eller er manglande
kompetanse hos politietaten på slike saker, årsak til passiviteten?” Eit par dagar før
spørsmålet skulle opp, fekk eg telefon frå departementet. Ein av saksbehandlarane der ville
vite kva for ei kommune dette gjaldt. Eg påpeikte at dette dømet berre var eit døme, og at
det var det prinsipielle i saka eg var interessert i. Men på nytt spørsmål svara eg at det var
lensmannen i landets største fiskerikommune. I Stortinget er det vanleg at svara på
spørsmåla vert utlagde i hyllene utanfor Arbeidarpartiet sitt gruppekontor ei lita stund før
spørsmålet kjem opp i salen. Dette er ei god ordning, for di representanten som spør, då får
høve til å skumme gjennom svaret, og kan avgjere om det er nødvendig med
tilleggsspørsmål. Det er som kjent ikkje lange tida ein har i spørjetimen, korkje for å grunngje spørsmål eller å tenkje ut og stille tilleggsspørsmål. Ikkje alle statsrådar er like
flinke til å leggje ut svara. Og dei kjem som regel fykande til Stortinget i siste liten, opptekne
som dei er. Men i slike høve, har det alltid vore råd å gå bort til dei og få ein kopi av svaret
eit par minutt før ein skal opp. Denne gongen låg det ikkje noko svar i hylla, endå eg sjekka
minst fire gonger. Eg gjekk då bort til Statsråd Faremo og spurde pent om ho hadde ein kopi
av svaret og gje meg, men ho formeleg glefsa etter meg at ho hadde ikkje noko svar. Men frå
talarstolen kom svaret slik det er gjengjeve her:
Statsråd Grete Faremo: Det finnes ikke regler som fritar politiet fra å etterforske
overtredelse av fiskerilovgivningen. Slike saker skal etterforskes på vanlig måte. Den
nødvendige kompetanse hos politiet for å drive etterforskning foreligger, og det er ikke
avdekket at politiet unnlater å etterforske overtredelse av fiskerilovgivningen. Så vidt vi
skjønner, er lensmannskontoret representanten Widens sikter til, Herøy og Sande
lensmannskontor, og la meg kort få redegjøre for saken som jeg antar er bakgrunnen for
spørsmålet. På bakgrunn av at en privatperson fra Moldtustranda fikk avvist sin henvendelse
til Fiskeridepartementet, oppsøkte han lensmannskontoret. Han ville – med henvisning til et
avisutklipp fra Verdens Gang for 1989 – som omhandlet korrupsjon rent generelt – anmelde
fiskeriministeren og alle i fiskeriforvaltninga for korrupsjon, utroskap og grov uforstand i
tjenesten. Lensmannen forklarte at han ikke kunne innlede etterforskning på et slikt
grunnlag. Privatpersonen var ikke fornøyd med lensmannens forklaring, og henvendte seg
skriftlig til lensmannskontoret den 11. februar 1993. Lensmannen gav skriftlig svar samme
dag, hvor han gjentok at avisutklippet ikke kunne danne grunnlag for å innlede
etterforskning, samtidig som han gjorde oppmerksom på at avgjørelsen kunne påklages til
politimesteren på Sunnmøre. Politiet får ofte anmeldelser som ikke kan danne grunnlag for å
innlede etterforskning, og denne saken kan være mønster for hvordan slike saker bør
behandles. Her er det på en korrekt måte gitt både muntlig og skriftlig svar på hvorfor saken
ikke vil bli etterforsket, og man har også opplyst om klageadgangen.
Marie Lovise Widnes: Eg takkar for svaret, som eg gjerne skulle hatt på førehand. Saka er at
lensmannen visste at vedkomande hadde nokså stor dokumentasjon han meinte å leggje
fram. Det har i lange tider vore uro rundt fiskeriforvaltningssaker langs kysten, ikkje minst
oppe med oss. Mange påstandar har versert, og somme saker har vore melde til politiet.
Svært mange saker har vorte bortlagde. Det gjeld saker som har store konsekvensar for den
einskilde, det har hatt å gjere med tildeling av kvoter, med båtslakt, med tapping av bankkonti, pensjonsordning, pantesaker, påstått svarthandel, flytting av oppdrettsanlegg og
mykje anna. Som reaksjon har fiskarane nostarta underskriftskampanje. Ein spør seg etter
kvart om det er eit mønster i dette. Fiskarane ser ut til å ha vanskar med å nå fram med sine
saker både i forvaltninga og ved politikontora. Det er difor påfallande når ein politimann
skriftleg nektar å ta mot melding av ei sak og viser til at ein kan anke slikt til politimeisteren.
Mitt tilleggsspørsmål vert då: Har folk rett til å verte tekne alvorleg og få møte lensmannen
og få leggje fram dokumentasjon, og å kunne levere anmelding til politiet når dei meiner å
ha oppdaga ulovleg åtferd?
Statsråd Grete Faremo: bare en kort merknad til det representanten sa innledningsvis: Jeg
har fått et spørsmål i spørretimen og har gitt et svar i spørretimen. Sånn sett skjønte jeg ikke den merknad som her kom fra talerstolen. I denne konkrete saken mener jeg at lensmannen
har oppført seg på en helt korrekt måte ved å behandle saken som kom inn, først muntlig og
så skriftlig, og også ved å angi den klageadgang som finnes.
Widnes: Eg takkar for svaret. Men lensmannen er jo namsmann og har eit sjølvstendig
embete. Det er uhøyrt at ein som melder ei sak skal måtte anke til politimeisteren og spørje
om lov til å melde ulovleg åtferd som han oppdagar. Det er også umogleg for fiskarane å gå
til ein domstol, når det gjeld melding etter straffelova. Det er veldig dyrt for dei fiskarane
som kanskje har misst både båten sin og yrket sitt og kanskje huset attpå, og fri rettshjelp så
å seie er umogleg å få. Dersom dei heller ikkje kan gå til politiet, kvar er då rettstryggleiken
for kystfolket? Når uroa spreier seg slik den no har gjort, bør ikkje departementet også gå inn
og granske desse påstandane?
Statsråd Grete Faremo: Jeg synes det er riktig å gjenta at det ikke finns regler som fritar
politiet for å etterforske på vanlig måte. Jeg syns likevel det var grunn til å redegjøre i detalj
for denne konkrete saken. Den er etter min oppfatning behandlet på helt korrekt vis.”
Her var det tydeleg at departementet hadde hatt telefonisk kontakt med lensmannen i
Herøy, og fått hans versjon av kva som føregjekk, og at dei hadde sett det som heilt
overflødig å kontakte den ”einskildpersonen frå Moldtustranda”, som i svaret frå statsråden
måtte kjenne at han vart uthengd som ein smårar type, som ville melde statsrådar og
embetsfolk med eit avisutklipp som grunngjeving. Dette var ikkje tilfeldig, når vi veit kva som
har gått føre seg i gjennom åra. ”Einskildpersonen frå Moldtustranda” er godt kjend av
departementsfolk og andre, og det kunne vere føremålstenleg å få stemple han som ein litt
mindre tilrekneleg person, slik det har vore prøvt på gjennom rykte og andre måtar. Svaret
elles er verre enn eventyret ”God dag mann-økseskaft”. Men det er ikkje noko særsyn, men
heilt vanleg, når det gjeld spørjetimen i Stortinget.
Det er vel også merkbart at statsrådane ikkje set seg inn i dei sakene dei vert spurde om,
men lit på ein sakshandsamar i departementet. Dersom det då kjem tilleggsspørsmål, veit
dei lite å svare, og svara vert deretter.”