Hjem > Overvåkning > Vitnesbyrd

Trusler mot Kåre Torvholm og hans familie

Kåre Torvholm (1941-2000) var en sentral person i arbeidet med å avdekke korrupsjon og maktmisbruk i Norge. Tidligere Stortingsrepresentant Marie Lovise Widnes har skrevet boken Fragler, finst dei om Torvholms arbeide. Den 17. januar 2000 trykket Sunnmørsposten en artikkel av Kjetil Haanes med følgende overskrift: "Ingen reagerer på drapstruslar. Artikkelen har et bilde av Torvholms datter Katrin Torvholm og hennes datter på to måneder og Katrins svigermor Anne Lise Frøystad. Fra ingressen i artikkelen:

"Katrin Torvholm er livredd for at ei planlagd ulukke skal ramme dottera Sara på to månader. Det er formidla drapstruslar mot Sara og to søskjenbarn, men Katrin har ei kjensle av at ingen tek truslane alvorleg ettersom det gjeld familien til den omstridde moltustrandingen Kåre Torvholm."

Artikkelen fortsetter:

". Sidan dette gjeld Torvholm-familien er det ingen som reagerer. Haldninga ser ut til å vere at det som skjer no er til pass for oss. Vi kjenner oss som fritt vilt, seier Katrin Torvholm.

Det var natt til 19. desember at ein sentralt plassert venn ringde Kåre Torvholm og fortalde at det var gått ut ordre om å iverksetje tiltak for å få nøytralisert Kåre Torvholm og to av hans nære medspelarar.

Meldinga var ikkje til å ta feil av. Kåre Torvholm skulle takast først, men ikkje han direkte. Derimot skulle det i løpet av kort tid skje ei ulukke med Kåre Torvholm sine tre barnebarn Sara, Kristofferog Andreas.

Ingen tome truslar
Samtalen vart teken opp på band, og dagen etter vart innhaldet presentert for Kåre sine eigne barn. Dei tok åtvaringa svært alvorleg.
Katrin avviser at det er snakk om tome truslar, eller at det er forvirra folk som står bak.

- Eg kjenner godt vedkomande som ringde og åtvara oss, og eg veit også kven det er som står bak drapstruslane. Dette er ikkje folk som driv med tullprat, seier ho.

Bandet har seinare blitt avspela til ordførar, lensmann, formannskapsmedlemer og andre i regionen, men den einaste som har teke kontakt etterpå er lensmann Odd Kulø i Ulstein og Hareid. Frå dei andre har det vore tyst.
Dette er ei skræmande haldning. I staden for støtte, har vi fått høyre at dette ikkje var meir enn vi måtte vente ettersom vi kom frå Torvholm-familien.

Konstant frykt
For Katrin Torvholm har derimot drapstruslane snudd opp ned på livet.

- Eg er van med litt av kvart, og har fått oppleve ulike formar for truslar og trakassering mot far og resten av familien. Dettte er noko eg har klart å leve med, men det vert noko heilt anna når tredje generasjon også må lide.

- Eg får ikkje sove om natta, og må ha folk rundt meg heile tida. Eg er konstant på vakt mot biler og uventa lydar, og er redd for at eg i frykt kan kome til å gjere skade på nokon uskuldig. Det er rett og slett ei forferdeleg oppleving, seier Katrin Torvholm.

Skremande og uverkeleg
Svigermor Anne Lise Frøystad støttar Katrin og resten av Torvholm-familien. Ho opplever situasjonen som både skremande og uverkeleg.
- Det høyrest så usannsynleg ut at noko slikt skal kunne skje i vårt fredelege hjørne av verda, men etter mitt syn er det likevel ikkje mogleg å berre oversjå slike direkte truslar.
- Eg ser at dei det gjeld tek det alvorleg og er redde. Dette bør få opp augene også hos andre, seier ho.

Omstridd aktivitet
Kåre Torvholm har i ei årrekkje drive ein kamp mot påstått fiskefusk og annan økonomisk kriminalitet. Han har mange potensielle fiendar, spesielt etter at han byrja å namngje folk høgt oppe i systemet og skulde dei for ulike typar kriminalitet.
Opplysningane er spreidde på faks til ei lang rekkje organisajonar og framståande enkeltpersonar i inn- og utland. I det siste har opplysningane også vorte lagde ut på internett. Det gjeld også opplysningar som omfattar norske etterretningsaktivitetar.
Torvholm sin aktivitet er svært omstridd, og det er mange som skulle ha sett at Torvholm heldt stilt.

Stolt av faren
Anne Lise Frøystad meiner at drapstruslane viser at det er sannsynleg at det er hald i noko av det Kåre Torvholm har kome med.
- Det har tidlegare vist seg at Kåre har rett, sjølv om få har trudd på det i utgangspunktet. Eg skulle ønskt at nokon også no tok seg bryet verdt med å undersøkje om det er hald i det Kåre seier.
Katrin Torvholm vedgår at det har vore hardt å vere dotter til Kåre Torvholm. Ho seier at ho skulle betalt mykje for å ha opplevd eit normalt familieliv, men ho er likevel stolt over den kampen faren har ført.
- Sjølv om eg ikkje alltid er einig med han, har eg alltid støtta kampen hans. Eg kjenner også godt til dei gode kontaktane han har innanfor svært ulike miljø. Det er berre så synd at det er så få som vågar å stå på for å få fram sanninga, seier ho.
Katrin har også mange gongar opplevd at hennar familie vert brukt til å presse andre til ikkje å blande seg bort i kontroversielle saker.
- Sjå korleis det har gått Torvholm-familien. Dersom du ikkje held fingrane av fatet, kan det gå med deg som med han Torvholm, er typiske beskjeder, seier ho.
Svigermor Anne Lise Frøystad meiner at Torvholm-familien har fått lide nok, og synest det er for ille at også tredje generasjon av Torvholm-familien no ser ut til å få svi.
- Eg er redd for barnebarnet mitt, og det er skræmande å registrere at så få bryr seg fordi Sara er eit Torvholm-barn. Slik bør det heller ikkje vere, seier Frøystad."

Det anbefales også å lytte til del 2 av den første sendingen i Radio Modums programserie Det skjulte Norge, ca. 14 minutter ut i videoen, og høre hvordan Torvholm ble mottatt da han ringte statsministerens kontor for å fortelle om truslene.

Erik Strand 18. september 2016.