Kva skjer innafor psykiatriens fire vegger?

Ja, kva skjer, trur du? Forunderlege ting, vil eg svara. Eg har vore svingdørspasient frå eg var atten til eg i dag er femtifire. Har eg fått hjelp der? Svaret er nei. Heller det motsette. Folk flest som ikkje har vore der, kan ikkje i sin villaste fantasi forstå verkelegheita i all si gru.

Eg skriv dette fordi eg ynskjer å få ut opplysningar til folk så dei kan få auga opp for dette. Det ein psykiatrisk pasient treng er omtanke, varme og kjærleik. Og ein ting til - tid, tid til å vera medmenneske, lytta, trøsta og hjelpa. Noko slik har personalet på sjukehuset ikkje tid til. Den beste hjelpa eg har fått når eg har vore innlagt, har eg fått av medpasientar. I prat på røykerommet der me deler sorger og gleder. Ikkje hjå legar, psykologar eller pleiarar.

Dei som sjølv har prøvd forstår; utanforståande kan aldri heilt forstå. Derfor må dei informerast. Noko må gjerast innad i det psykiske helsevesenet. Me lever i år totusenogfire, skulle tru at forholda hadde kome lengre. Men nei. Opplegget er det same som det har vore i mange år. Elektrosjokk, reimeseng, isolat og kjemisk neddoping. Dette er ikkje måten å behandla ein pasient på. Det kan eg skriva under på. Har fått kjenna det på kropp og sjel.

Så eg veit kva eg snakkar om. Du vert frårøva alle menneskerettar. Dei har all makt over deg: Dei turer fram på sin måte - du har berre å adlyda. Elles vert du straffa. Ikkje mykje hjelp, nei. Kor lenge skal dei få lov til å tura fram slik? Veit du kor mange det er her i landet som har tatt sitt eige liv? Eg kjenner til mange, mellom anna min eigen far. Dette er grufullt. Det kan ikkje halda fram på denne måten.

Eg er med i ein organisasjon, FAMPO. Det står for: Folkeaksjonen Mot Psykiaternes Overgrep. Dei arbeider for dei svake i samfunnet. Formannen Dag Hiåsen er ein dyktig mann. Han står på og vil stå på til han dør. Men han møter motstand fordi det ikkje er alle her i samfunnet som toler å høyra sanninga. Det får dag Hiåsen merka. Men det er viktig å grava all skiten fram i lyset. Det nytter å kjempa.

KJEMP FOR ALT HVA DU HAR KJÆRT. DØ OM SÅ DET GJELDER.

Ruth Tomasgard